Har søkt rådmannsstilling på Osterøy:
Trine skiftar side
I fjor haust vart ho valt inn som gruppeleiar i kommunestyret på Askøy. No er ho søkjar til rådmannsstillinga på Osterøy og har fått fritak frå dei politiske verva.
Endret 22.12.08 14:43
– Eg hadde aldri sett føre meg at eg skulle verta assisterande rådmann, seier Trine Grønbech og smiler.
I januar 2007 byrja ho i stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg i Osterøy kommune. Samstundes var ho aktiv Ap-politikar i heimkommunen, og stilte som partiet sin ordførarkandidat ved valet.
Noko ordførarstilling vart det ikkje, men Grønbech vart Arbeiderpartiet sin gruppeleiar og med i både kommunestyre og formannskap.
Vil ikkje ha to roller
No er bunkane med politiske sakspapir vekke frå kontorpulten. Grønbech har hatt permisjon frå dei politiske verva sine sidan tidleg i haust, og førre veke innvilga formannskapet søknaden hennar om fritak. Dei siste månadane har ho nemleg hatt jobben som konstituert rådmann, og no har ho søkt stillingen som er utlyst.
– Det er ingenting formelt i vegen for at eg kunne vore politikar i ein kommune og rådmann i ein annan. Askøy og Osterøy er dessutan så ulike at det hadde lete seg gjennomføra. Men eg synest det er ryddigast å ikkje ha begge rollene samstundes, seier Grønbech.
– Eg trur det kan vera vanskeleg for folk å forstå kva hatt eg har på meg dersom eg hadde vore både rådmann og politikar, seier ho.
Grønbech synest det er godt med ei avklaring – både for henne og for Askøy Ap. Ho synest det er viktig å ikkje hengja seg opp i sakene i heimkommunen no, ho ønskjer ikkje å banka på partidøra og spørja «kvifor gjer de ikkje slik».
– Eg har rydda i mitt eige hovud, seier Grønbech.
Sannferdig og truverdig
Både Bergens Tidende og lokalavisa Bygdanytt har skrive om ei konflikt mellom rådmannen og Frp på Osterøy. Noko av bakgrunnen for konflikta er rådmannen si partibok – han er arbeiderpartimann.
– Det er eit dilemma for meg at eg har eit medlemskap i Arbeiderpartiet. Men det har vore veldig viktig for meg at politikarane visste om dette før eg vart assisterande og seinare konstituert rådmann. Eg ville heller ikkje gå inn i rådmannsrolla før eg hadde fått permisjon frå politikken, seier Grønbech.
Ho seier at nettopp partibakgrunnen gjer at ho vert ekstra grundig i rådmannsrolla.
– Eg har tre motto: eg skal vera sannferdig, truverdig og gjennomsiktig. Med det siste meiner eg at eg skal gi innsyn i kva eg gjer. Så håpar eg at eg vert dømd etter det eg gjer, seier Grønbech.
Lite heldige bilete
34-åringen seier at rolla som politikar og som rådmann er svært ulike. Som politikar har ein rom for større visjonar. Som rådmann skal ein ikkje ha meiningar.
Ho byrjar å verta van med å sjå store bilete av seg sjølv i avisene, men synest ikkje det er veldig kjekt.
– Det var krevjande å plutseleg skulle vera mykje i avisa. Det er vel dessutan slik at alle gruar seg til eit oppslag med eit lite heldig bilete – gjerne teke når ein ikkje veit det.
Grønbech seier at ho ikkje tek seg sjølv særleg høgtideleg. Når ho har sagt det ho kan seia, får media vinkla som dei vil, er hennar filosofi.
Flyttar til Bergen
I tillegg til å gi seg i askøypolitikken, skal Grønbech no flytta frå heimkommunen. Huset på Øvre Kleppe har allereie hatt besøk av ein meklar, og ho har kjøpt nytt husvere i Bergen sentrum.
Å skulle bu på Osterøy samstundes som ho verkar som rådmann, var heilt uaktuelt. Noko privatliv må ho ha. Politikken har nok halde henne fast til Askøy så langt, men no vert det opp mot ein time kortare arbeidsveg kvar dag.
– No målar eg kvar dag; «kor mykje hadde eg spart i dag», smiler Grønbech sjølvironisk.
– Men eg trivst veldig godt i sentrum, og trur òg det vert eit anna sosialt liv når eg ikkje lenger må passa busstider til Askøy.
Robek-kommune
I Bergen sentrum er ho godt kjend frå før. Men på Osterøy er det mange små bygder spreidd utover, og den konstituerte rådmannen innrømmer at framleis må ho ha kart for å kunne vera heilt sikker på kor ho har vore.
– Men det er kjempespanande å koma til ein ny stad. Mange askøyværingar har eit forhold til Osterøy, det er mellom anna mange som har feriehus der, seier Grønbech.
Osterøy med sine vel 7000 innbyggjarar er på mange måtar annleis enn Askøy. Men kommuneøkonomien er like stram i dei to kommunane, og Osterøy er på Robek-lista. Det betyr at kommunen ikkje får lov til å ta opp lån før fylkesmannen har godkjent det.
Kor vegen går vidare, veit Grønbech ingenting om. Sidan ho var ferdig utdanna jurist, har ho jobba både i Øygarden og hos Fylkesmannen. Å verta fast rådmann på Osterøy trur ho eigentleg ikkje at ho vert. Søknaden vart levert inn etter oppmoding.
– Å vera i ein slik søknadsprosess er ei røynsle å ta med seg. Men eg har enno ikkje jobba to år på Osterøy, og ingen veit kor haren hoppar, seier Trine Grønbech.
100 mill. snart i havn
– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.
Kva skal vegen heita?
Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.
Nå ser Jeanette fremover
Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.
På tur med «kaptein» Virkesdal
– Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre ut fra denne siden?
Siste kortnytt
- MC-ulykke i Bakarvågen [15.05.12 09:52]
- Overvann og null poeng [15.05.12 09:52]
- På tide å søke om leie [10.05.12 15:32]
- Vedtok plan for Myrane [10.05.12 15:32]
- 10.000 til Hanøy skole [10.05.12 15:32]
- Skal vedta kreftplan [08.05.12 11:56]
- Vil ha reguleringsplan [08.05.12 11:56]
- Omkamp om adresse [08.05.12 11:56]
- Demokratene har ikke anmeldt [26.04.12 16:12]
- Pepe Auer til Strusshamn kirke [26.04.12 16:12]
- Årets første lokaloppgjør [26.04.12 16:12]
- Nei til pils og pizza [20.04.12 10:29]
- Låner til minnesmerke [20.04.12 10:29]
- Støtter Skogen-skole [20.04.12 10:29]
- Stjeler påhengsmotorer [12.04.12 21:12]
- Øvelse på Herdlaflaket [12.04.12 10:23]
- Ønsker kandidater [02.04.12 14:18]
- – Godt samarbeid [02.04.12 14:18]
- Promille på Juvik [01.04.12 10:20]
- Vil kjøpe fortet [29.03.12 15:18]
Mest lest
- 29-åring fengslet for ran [28.04.12 13:29]
- To arrestert for vold og hærverk [27.04.12 15:18]
- Tre vinnere fra Askøy på bare en uke [26.04.12 16:12]
- Mann tatt for grovt biltyveri [24.04.12 10:47]
- 100 mill. snart i havn [18.05.12 08:22]
- Slo gamle kjente [24.04.12 08:09]
- La ned krans i Strusshamn [08.05.12 14:31]
- Stor mangel på fastleger [04.05.12 08:04]
- Gikk løs på leger og inventar [10.05.12 15:32]
- Vil ha storskole i Skogstunet [08.05.12 11:56]
- Ti år med omsorgsboliger [04.05.12 08:02]
- En av Norges beste lokalaviser [22.04.12 00:21]
- BOF: – De har seg selv å takke [26.04.12 16:12]
- Ingen ny «Ta sjansen» [15.05.12 09:52]
- Klar for Telenor Arena [26.04.12 16:12]
- Vil ha puls i Strusshamn [08.05.12 11:56]
- Vil rekruttere flere til paintball [11.05.12 13:53]
- Åpnet ny gang- og sykkelvei i nord [24.04.12 08:12]
- – Ikke overrasket over oppturen [08.05.12 11:56]
- Nytt NM-gull til Kvammen [04.05.12 08:00]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






