Trafikklys i farleg sving
Fram til vegen ved Fauskanger barne- og ungdomsskule vert utvida, vert ferdsel gjennom den farlege svingen lysregulert.
Endret 09.02.12 20:24
Det seier varaordførar Roald Stenseide (Frp).
Strekningen på Fauskanger er ein av fleire der kommunen ønskjer å forskuttera pengar for å få fortgang på vegutbetringa. Men sidan det ikkje er laga reguleringsplan for utvidinga, må ein finna ei mellombels løysing.
Forskutterer i Hetlevik
– Me har vore på møte i fylket, og fått lovnad om at ein skal få på plass ei lysregulering fram til vegen er utbetra. Dette vil seia at vegen vert einvegskjørt, forklarar Stenseide.
Ei slik løysing har ein på fleire bruer i fylket. Fylkestinget skal formelt ta stilling til saka i mars. Då skal fylkespolitikarane forhåpentlegvis òg ta stiling til fleire vegsaker som gjeld Askøy.
Kommunestyret vedtok i januarmøtet at ein skal forskuttera midlar til vegen forbi fotballbana i Hetlevik. Kostnaden for vegen er rekna til 20 millionar. Ein kan ikkje forskuttera meir enn 15, så dei siste fem vedtok politikarane at kommunen sjølv skal betala.
Politikarane ønskjer òg å gjera noko med vegen i Bakarvågen. Utbetring av riksveg 563 er her i gang.
– Dei 30 millionane som trengs, lånar me frå dei 200 me har fått lovnad om frå fylket. Desse pengane skal gå til kollektivtiltak, men me omdisponerer dei fram til Askøypakken er på plass, seier Stenseide.
– Det er ein teknikalitet, legg han til.
Også denne saka skal fylkespolitikarane sannsynlegvis ta stilling til i mars.
Utviding til Horsøy?
Varaordføraren er nøgd med at det skjer noko med vegane i kommunen.
– No får me tatt nokre skulevegar. Det er viktig at me får starta på vegane, og viktig at me får fylket med på at det er dei som skal betala gildet, seier Stenseide.
Det er ein strekning til der det kan verta aktuelt med utviding: Vegen til Horsøy.
– Eg kjenner til at det kan koma krav om breiare veg dit. Det ligg ikkje i korta akkurat no, og det er heller ingen reguleringsplan som er klar. Men me må vera førebudde på at vegen kan vera for liten, seier Stenseide.
Denne strekningen ligg ikkje inne som ein del av Askøypakken.
– Er det aktuelt å be Framo Engineering om å forskuttera?
– Det må me diskutera med dei. Men dei har forskuttert pengar til betre veg i Fusa, der dei no held til, seier varaordføraren.
100 mill. snart i havn
– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.
Kva skal vegen heita?
Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.
Nå ser Jeanette fremover
Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.
På tur med «kaptein» Virkesdal
– Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre ut fra denne siden?
Siste kortnytt
- MC-ulykke i Bakarvågen [15.05.12 09:52]
- Overvann og null poeng [15.05.12 09:52]
- På tide å søke om leie [10.05.12 15:32]
- Vedtok plan for Myrane [10.05.12 15:32]
- 10.000 til Hanøy skole [10.05.12 15:32]
- Skal vedta kreftplan [08.05.12 11:56]
- Vil ha reguleringsplan [08.05.12 11:56]
- Omkamp om adresse [08.05.12 11:56]
- Demokratene har ikke anmeldt [26.04.12 16:12]
- Pepe Auer til Strusshamn kirke [26.04.12 16:12]
- Årets første lokaloppgjør [26.04.12 16:12]
- Nei til pils og pizza [20.04.12 10:29]
- Låner til minnesmerke [20.04.12 10:29]
- Støtter Skogen-skole [20.04.12 10:29]
- Stjeler påhengsmotorer [12.04.12 21:12]
- Øvelse på Herdlaflaket [12.04.12 10:23]
- Ønsker kandidater [02.04.12 14:18]
- – Godt samarbeid [02.04.12 14:18]
- Promille på Juvik [01.04.12 10:20]
- Vil kjøpe fortet [29.03.12 15:18]
Mest lest
- 29-åring fengslet for ran [28.04.12 13:29]
- To arrestert for vold og hærverk [27.04.12 15:18]
- Tre vinnere fra Askøy på bare en uke [26.04.12 16:12]
- Mann tatt for grovt biltyveri [24.04.12 10:47]
- 100 mill. snart i havn [18.05.12 08:22]
- Slo gamle kjente [24.04.12 08:09]
- La ned krans i Strusshamn [08.05.12 14:31]
- Stor mangel på fastleger [04.05.12 08:04]
- Gikk løs på leger og inventar [10.05.12 15:32]
- Vil ha storskole i Skogstunet [08.05.12 11:56]
- Ti år med omsorgsboliger [04.05.12 08:02]
- En av Norges beste lokalaviser [22.04.12 00:21]
- BOF: – De har seg selv å takke [26.04.12 16:12]
- Ingen ny «Ta sjansen» [15.05.12 09:52]
- Klar for Telenor Arena [26.04.12 16:12]
- Vil ha puls i Strusshamn [08.05.12 11:56]
- Vil rekruttere flere til paintball [11.05.12 13:53]
- Åpnet ny gang- og sykkelvei i nord [24.04.12 08:12]
- – Ikke overrasket over oppturen [08.05.12 11:56]
- Nytt NM-gull til Kvammen [04.05.12 08:00]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]



