Askøyværingen / Nyheter / Tapte mot storebror i Oslo

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips nyhetsredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Tapte mot storebror i Oslo

Forskarane vert på Rikshospitalet:

Tapte mot storebror i Oslo

– Det er ikkje lett å kjempe mot storebror, seier økonomisjef på Olaviken.

Publisert 21.08.09 06:00
Endret 20.08.09 15:31

– Rikshospitalet er store. Vi skjøna at det ville gå den vegen. Det er ikkje lett å kjempe mot storebror, seier økonomisjef Guri Berg Titlestad på Olaviken alderspsykiatriske sjukehus.

Eit brev frå helsedepartementet til direktoratet tyder på at Olaviken tapar kampen om statusheving til kompetansesenter.

I staden får dei tittelen undervisningssjukeheim, og må samarbeide med storebroren i Oslo.

På Rikshospitalet har dei allereie eit senter for sjeldne sjukdomar. Kompetanseansvaret for sjukdomen Huntington skal ikkje flyttast slik sterke politiske krefter har tatt til ordet for. Forskarane vert med andre ord i Oslo, men tittelen undervisningssjukeheim ber bod om fleire ressursar også på Askøy.

Frode Wikne er ny direktør ved Olaviken. Han reknar med ei utvida stab om ikkje lenge, og forsikrar at dei verken er såra eller vonbrotne etter tapet på målstreken.

Planar for 130 mill
Det viktigaste for direktøren og økonomisjefen på Olaviken har vore å få ei avklaring.

Dei sit på gjerdet med ut- og ombyggingsplanar til omlag 130 millionar kroner.

I løpet av dei neste vekene ventar samtalar med ei rekkje partar: Helse Vest, Bergen kommune og Askøy kommune. I tillegg må dei vite heilt sikkert kva som skjer med kompetansesenteret.

Askøyværing og Krf-politikar Laila Dåvøy såg kva veg det bar då ho snakka med Askøyværingen for eit par veker sidan. Ho sa mellom anna at det var meiningslaust å velje Rikshospitalet framfor Olaviken.

– Eg veit at det har vore motstand på Rikshospitalet, men der har dei kompetansen – ikkje pasientgruppen, rasa Dåvøy.

Dåvøy er medlem i helse- og omsorgskomiteen. Det same er Dag Ole Teigen (Ap). Også han har arbeidd intenst for å styrkje Olaviken.

Slaktar framdrifta
– Eg har følgt denne saka sidan eg hamna på stortinget for fire år sidan, og er fortvila over at det ikkje har vore meir framdrift, seier Teigen til Askøyværingen.

Han poengterer at det særleg er behov for to ting når det gjeld sjukdomen Huntington:

– Vi treng meir kunnskap om det som går direkte på pasientbehandling. Samstundes treng vi meir forsking og kompetanse på det som går på sjølve sjukdomen som fag, seier han.

Han er opprørt, men respekterer likevel avgjerda om å ikkje gjere Olaviken til eit kompetansesenter.

– Ei arbeidsgruppe rår til at forskarane skal vere på Rikshospitalet. Det er vanskeleg for meg som politikar å gripe inn i ei slik vurdering, seier Teigen og legg til:

– Undervisningssjukeheim er også ein viktig status. Det viktigaste er i alle tilfelle at Olaviken vert styrka og får ressursar til å spreie kompetansen sin utover.

– Dåvøy er frå Askøy, kvifor har du engasjert deg så sterkt for Olaviken?

– Dei store sjukdomsgruppene vil vi alltid ha langt framme i pannebrasken, men så er det langt sjeldnare sjukdomar som også har trong for forsking, seier Teigen.

Lesernes dom:

55%
45%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Kommenter

Tips en venn




Du må være registrert og innlogget for å kunne skrive kommentarer
100 mill. snart i havn

100 mill. snart i havn

– Foreløpig er det snakk om en intensjonsavtale, men vi håper å kunne signere den endelige kontrakten i løpet av få uker.

    Kva skal vegen heita?

    Kva skal vegen heita?

    Både i Skiftesvik og på Tveit er det innbyggjarar som ventar på ei endeleg avklaring i spørsmålet om kva veg dei bur i.

      Nå ser Jeanette fremover

      Nå ser Jeanette fremover

      Drøye to måneder etter at håndballkarrieren til Jeanett Haga Holgersen (22) ble satt på vent, er hun allerede tilbake i trening, klar for å kjempe seg tilbake på parketten.

        På tur med «kaptein» Virkesdal

        På tur med «kaptein» Virkesdal

        – Dette er så interessant å se. Hvor mange hus er kommet til? Hvordan ser bygdene våre ut fra denne siden?

          Ingen ny «Ta sjansen»

          Ingen ny «Ta sjansen»

          Fjorårets publikumssuksess under Strusshamnfestivalen til tross, det blir ingen gjentakelse i år.

            Først ute med internasjonalt båtbevis

            Først ute med internasjonalt båtbevis

            Fra i år av kan du ikke lenger dra på ferie til utlandet i fritidsbåt med et vanlig båtførerbevis. En båtskole fra Askøy tilbyr nå et godkjent internasjonalt båtførerbevis, som en av de første i Norge.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Siste kortnytt

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott

              Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq AS©2006 produkt