Askøyværingen / Nyheter / Slepp bot for gigantmuren

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips nyhetsredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Slepp bot for gigantmuren

Slepp bot for gigantmuren

Dei som har sett opp ein ulovleg mur på Øvre Kleppe slepp bot. Men det er berre fordi muren kom på plass før 1. juli.

Publisert 07.09.10 06:00
Endret 06.09.10 19:49

– Denne muren ville kome inn under dei nye reglane. Men eg veit ikkje i kva grad, seier fagsjef for arealbruk Knut Natlandsmyr.

Fredag skreiv AV at gigantmuren på Øvre Kleppe, som mange naboar har klaga på, får stå. Men i sakspapira står det òg i generelle vendingar om at ein i større grad enn før kan risikera gebyr dersom ein byggjer noko utan løyve.
Dei som har bygd den ulovlege muren kan førebels pusta letta ut.

– Ein får ikkje gebyr i dette tilfellet, fordi muren vart bygd før dei nye reglane vart sette i verk 1.juli i år, seier Natlandsmyr.
Han legg til at arealbruksavdelinga likevel ser på andre sanksjonar, men at ein ikkje har konkludert.

– Noko av det ein kan gjera, er at ein kan vurdera ansvarsretten. Det betyr at dersom same søkjar ber om å få setja i gang med eit nytt tiltak, kan me seia nei til dette, seier Natlandsmyr.
Kommunen kan òg rapportera inn til Statens byggtekniske sentral, slik at ei eventuell sentral godkjenning står i fare. Begge desse sanksjonsmåtane gjeld berre profesjonelle utbyggjarar.

Kor store gebyra for ulovleg bygging vert, er enno ikkje bestemt. Utval for teknikk og miljø kjem til å få ei sak om dette så snart som mogleg, seier Natlandsmyr.
– Tanken er at satsane skal svi litt, seier fagsjefen.

I Forskrift om byggesak opererer ein med tre satsar: 10.000 kroner dersom tiltaket i hovudsak stemmer med krava i plan- og bygningslova, 50.000 dersom tiltak i hovudsak ikkje stemmer med lova sine krav og 200.000 kroner dersom tiltaket medfører alvorleg skade som ikkje kan rettast opp – eller fare for slik skade. Natlandsmyr understrekar at det er fullt mogleg å få gebyr for eit tiltak som ein får godkjent.

– Kva tiltak ein kan få gebyr for, vil me diskutera i saka politikarane får, seier han.
Også Tom-Christer Nilsen (H), som leiar utval for teknikk og miljø, meiner muren på Øvre Kleppe hadde kome inn under reglane for gebyr dersom han hadde vore sett opp etter 1.juli.

– Poenget med den nye gebyrordninga er at ho skal ha ein faktisk preventiv verknad. Det skal svi å gjera noko ulovleg, og det skal ikkje vera lettare å verta tilgitt enn å få lov, seier Nilsen.

Han seier at for å bestemma gebyrsatsane vil politikarane samanlikna med andre bøtesatsar. Gebyret for ulovleg bygging går til kommunen. Ifølgje Nilsen gjer pengane at det er lettare å finansiera bygningskontroll.

Lesernes dom:

53%
47%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Tips en venn




En kinesisk nyttårsmeny...

En kinesisk nyttårsmeny...

En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.

    Småkaotisk skoleskyss

    Småkaotisk skoleskyss

    Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.

      – Vi har forsvarlig drift

      – Vi har forsvarlig drift

      Kjersti Eikeland, styrer i Erdal barnehage, er ikke enig i at barnehagen har for dårlig bemanning. Men hun innrømmer at hverdagen har blitt tøffere for de ansatte.

        Rømmer øyen med Skorpen

        Hovding-trener Erlend Skorpen har tatt et dykk i markedet på Askøy i sin søken etter forsterkninger.

          Stjernestatist på kanten av scenen

          Stjernestatist på kanten av scenen

          En TV-skjerm surrer på veggen. På langbordet i gangen er det dandert frukt, sjokolade og en kaffemaskin. Men det er bak de ulike, anonyme dørene at det gjøres klar til magien som skal skje på scenen.

            Sier nei til rundkjøring

            Sier nei til rundkjøring

            Statens vegvesen har ingen planer om å utbedre krysset til Krokåsfeltet på Juvikflaten. De oppfordrer i stedet bilistene om å smøre seg med tålmodighet.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Siste kortnytt

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott