Siv E. Akse er ny Hop-rektor:
Nye rektorar gler seg til å ta imot 1. klassingane
I morgon tek Siv E. Akse og Jostein Danielsen på seg ekstra fine klede. Slik skal det vera når nye 1. klassingar kjem til skulane deira.
Endret 17.08.10 10:06
– Forventningar, seier Siv E. Akse og smakar på ordet.
– For meg vert det feil ord å bruka om skulestart, det ligg nokre krav implisitt i det omgrepet. Men eg gler meg, og eg har nokre ønskje – eg vil gjera Hop skole til ein god stad å vera for liten og stor, seier ho.
Må få oversikt
Akse er heilt fersk rektor på Hop skole. Først i går trefte ho alle kollegane sine. Men ho har allereie vore på jobb ei veke.
– Før skulestart er det travelt, og spesielt når ein er heilt ny. Ein skal laga mange fellesskriv, og eg har sett meg inn i alt det nye: datasystem, timeplanar og branninstruks. Så skal ein planta og pynta litt, legga ein plan for planleggingsdagane og sjå at alt er på plass. Men eg likar utfordringar, slær ho fast.
Rektor-kollega Jostein Danielsen nikkar. Han er ikkje fullt så fersk, men frå i haust er han fast tilsett som rektor på Træet skule. Han har vore vikar der i to år allereie.
– Det vert sjølvsagt meir ro over det heile når ein har fast stilling, seier han.
Også Follese skole og Kleppestø barneskole får nye rektorar i haust. Men det vert september før dei to som er tilsett er på plass ved desse skulane.
For Danielsen har dei siste dagane gått med til mellom anna tilsetjing. I tillegg må rektor ha eit overblikk over at både bøker og anna utstyr er på plass.
Ingen lang tale
Men i morgon er alt på stell. Då heiser både Akse og Danielsen flagget, og dei pyntar seg.
– Ein kler seg litt fint, første skuledag er ein merkedag. Eg hugsar sjølv kva eg hadde på meg første skuledag; regnkåpe med prikkar – sjølv om det ikkje regna, seier Akse og smiler ved tanken.
Danielsen seier at ein som vaksen og rektor skal ta på alvor at første skuledag er ein av dei viktigaste dagane i livet for dei spente 6-åringane. Hos han får dei ferske elevane koma litt seinare enn dei som allereie er kjende på skulen.
– Eg held ingen stor tale denne dagen. I fjor snakka eg litt om at me skal vera gode venner, og om at ein skal høyra på det læraren seier. Så mykje meir får ein ikkje med seg denne dagen, seier han og smiler.
19 nye førsteklassingar kjem det til Træet i år. I tillegg er det heilt vanleg at det kjem nye elevar til ein del av dei andre klassane. Nokre melder seg like før skulestart – andre kjem i løpet av året.
– Då må me av og til improvisera litt, men det er med vane med, seier Danielsen.
Vil ikkje vera skummel
Træet-rektoren seier at ofte vert det haustferie før han føler at han har fått gjort alt han skulle. I dei første vekene har dessutan lærarane spesielt mykje å gjera, då skal årsplanar leggast og årshjul lagast.
– I tillegg skal ein planlegga dei gode timane – og det er jo dei me er til for. Eg hadde unna lærarane meir tid på førehand før elevane kjem. Veldig mange har allereie vore innom, seier Danielsen.
Han er oppteken av å ikkje vera ein skummel rektor som berre viser seg for elevane når noko er vondt og vanskeleg.
– Eg vil verta involvert i det daglege, og eg trur rektorrolla er annleis no enn før. Men sjølvsagt er det nokre gonger der skulen må representerast, og då vert det mi oppgåve, seier han.
Akse ønskjer å vera ein rektor som støttar og rettleiar lærarane.
– Det skal ikkje vera sånn at ein seier til elevane at «dersom du gjer sånn og sånn må du til rektor». Som vaksen skal ein forstå barnet som ikkje maktar å vera i klassen, ein skal vera tydeleg og setja grenser, seier ho.
– Og ros frå rektor er sterkare enn ris, supplerer Danielsen.
Han synest det pedagogiske utviklingsarbeidet som skjer i askøyskulen er noko av det kjekkaste han får vera med på. Akse er samd.
– Som rektor ønskjer eg ikkje å vera berre ein som held ved like og driftar, men òg ein som er med på å fremja utvikling, seier ho.
Får ettergitt rentekravet
Askøy Røkeri AS i Breivik har nå fått slettet rentekravet fra kommunen. Etter lang tid er det endelig kommet en løsning på vannsaken.
Meiner skulen må profesjonaliserast
Skulen må endrast i takt med resten av samfunnet, meiner Jostein Danielsen.
Liv laga i The Dudettes
Det har vært relativt stille omkring askøyduoen The Dudettes. – Det er intensjonen, vi har planer om å komme tilbake med et bang, lover Hilde Vikøyr Brynjulfsen (21) og Marte Hagebø (20).
Suverene sportsdrillere
I juli går sportsdrill-VM av stabelen i Paris. Der håper Askøy å stille med hele tre deltakere i juniorklassen.
Siste kortnytt
- Nær 1.300 uten bredbånd [03.02.12 10:27]
- Hærverk på Erdal skole [27.01.12 10:42]
- Saltebil havnet delvis under vann [21.01.12 10:58]
- Søker etter båteier [13.01.12 07:45]
- Bekymret barnehage [13.01.12 07:44]
- Fremmede på overnatting [13.01.12 07:43]
- Mistenkt for promille på juledag [25.12.11 14:15]
- Russ bør vaksinere seg [23.12.11 12:16]
- Bro må repareres [19.12.11 21:40]
- Kalkun utløste full alarm [19.12.11 21:39]
- Savnet mann funnet på Hanøy [19.12.11 21:38]
- Kjeftet på Skyss [15.12.11 21:19]
- Brann i enebolig i Florvåg [10.12.11 13:14]
- Savner du en båt? [06.12.11 13:03]
- Mistet hjul på Askøybrua [02.12.11 16:19]
- Vinden skapte små problemer [02.12.11 14:11]
- Stongafjelltunellen stengt [25.11.11 14:25]
- Fant antatt farlig mann [24.11.11 10:39]
- Strømstans [22.11.11 14:03]
- Vendt mot Mekka [22.11.11 14:03]
Mest lest
- Her blir det lysregulering [19.01.12 15:34]
- «Skal kjøpe bensin og brenne deg» [16.01.12 15:22]
- Ungdom påkjørt i overgangsfelt [13.01.12 14:36]
- Fra England til Erdal [16.01.12 15:22]
- – Er ikke for gammel for iPad [27.01.12 08:12]
- – Bare ikke kall meg hip hop-Pål [27.01.12 08:07]
- Mange utfordringer for de unge [19.01.12 15:34]
- Småkaotisk skoleskyss [02.02.12 20:48]
- Kan bli bompenger i 2013 [13.01.12 07:37]
- Til rettssak mot tvangsmulkt [24.01.12 08:31]
- – Jeg ble helt sjokkert [06.01.12 11:18]
- – Vi har en plan for opprydding [10.01.12 10:44]
- Billigere vann, dyrere SFO [13.01.12 07:39]
- Sier nei til rundkjøring [31.01.12 08:37]
- Askøys suverene talenter [24.01.12 08:25]
- Tilbyr treningsstudio under åpen himmel [19.01.12 15:34]
- Økonomisaker øker mest [27.01.12 08:15]
- – Vi har forsvarlig drift [02.02.12 20:48]
- Skrev egen musikal [31.01.12 08:28]
- Her er Vestsidens nye leder [27.01.12 08:03]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






