Askøyværingen / Nyheter / Nokon har laga ein bossplass

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips nyhetsredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Nokon har laga ein bossplass

Bilen vert fjerna, uvisst kven som tek resten:

Nokon har laga ein bossplass

Først kom det ein bil. No har han fått selskap av eit par fjernsyn og litt anna avfall.

Publisert 31.08.10 06:00
Endret 30.08.10 16:01

– Dette er dessverre ikkje ei ukjent problemstilling, seier kommunen sin miljøvernleiar, Målfrid Eide.

– Ofte har tømming av boss ein smitteeffekt. Det er synd for alle dei som ryddar etter seg, seier ho.

Skremde vekk mann
Torsdag var AV på Steinrusten. Der har nokon sett frå seg ein gamal bil. Bilen er rusta, utan skilt og med knust rute. I tillegg står det to fjernsyn der, eit stort spann med solsikkeolje, ein bosspose ligg i grøfta og nokon har lagt frå seg ein heil hekk.

– Det er ingen som gjer noko med dette, og fleire og fleire som tek seg til rette. Me har ein BIR-stasjon, det kostar femti kroner å levera bosset der, seier Arve Antonsen oppgitt.

Han går ofte tur i området med hunden. Førre veke trefte han ein mann som tydelegvis hadde planar om å kasta frå seg boss på staden.

– Eg stirra så lenge på han at han kjørte sin veg, seier Antonsen.

Han har vore i kontakt med både politiet og kommunen om den gamle bilen.

Bilen vert skrota
Politiførstebetjent Kjell-Bjørn Heggøy seier at politiet førre veke sendte ei liste til kommunen med bilvrak som kommunen kan fjerna.

– Dersom publikum ser bilvrak, må dei ta kontakt med kommunen sitt kundetorg og fylla ut eit skjema. Dette skjemaet vert så sendt til oss, og så prøver me å finna eigaren, seier Heggøy.

Dersom ein ikkje finn eigaren, eller dersom eigaren ikkje fjernar bilen sjølv, kan bilen fjernast utan varsel.

– Me har ein avtale med kommunen om at dei hentar dei bilane dei får med seg. Desse bilane vert kjørt rett på dynga, seier Heggøy.

Men kven som skal ta seg av resten av bosset, er meir usikkert.

– Me må reisa ut og sjå på det. Men kommunen har ikkje budsjett til bosshandtering – og dersom me skal levera på miljøstasjonen, må me som alle andre betala, seier Målfrid Eide.

Lova seier at det er den som forsøplar som skal betala.

– Men ofte er vedkomane vanskeleg å finna. Me opplever mellom anna at nokon kjører inn på skogsvegar og dumpar boss der, seier Eide.

Lesernes dom:

56%
44%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Kommenter

Tips en venn




Du må være registrert og innlogget for å kunne skrive kommentarer
Får ettergitt rentekravet

Får ettergitt rentekravet

Askøy Røkeri AS i Breivik har nå fått slettet rentekravet fra kommunen. Etter lang tid er det endelig kommet en løsning på vannsaken. 

    Meiner skulen må profesjonaliserast

    Meiner skulen må profesjonaliserast

    Skulen må endrast i takt med resten av samfunnet, meiner Jostein Danielsen.

      Liv laga i The Dudettes

      Liv laga i The Dudettes

      Det har vært relativt stille omkring askøyduoen The Dudettes. – Det er intensjonen, vi har planer om å komme tilbake med et bang, lover Hilde Vikøyr Brynjulfsen (21) og Marte Hagebø (20).

        Suverene sportsdrillere

        Suverene sportsdrillere

        I juli går sportsdrill-VM av stabelen i Paris. Der håper Askøy å stille med hele tre deltakere i juniorklassen.

          En kinesisk nyttårsmeny...

          En kinesisk nyttårsmeny...

          En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.

            Småkaotisk skoleskyss

            Småkaotisk skoleskyss

            Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Siste kortnytt

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott