Askøyværingen / Nyheter / Fylkesmannen seier ikkje ja

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips nyhetsredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Fylkesmannen seier ikkje ja

Krøll i kommunal saksframstilling

Fylkesmannen seier ikkje ja

Ifølgje kommunen har fylkesmannen allereie meir eller mindre godkjent ein parkeringsplass på Herdla. Det stemmer ikkje, seier fylkesmannen sjølv.

Publisert 10.09.10 06:00
Endret 09.09.10 20:26

«Sponheim hadde forståelse for problemstillingen med manglende parkering, og meddelte at ha ville stille seg positiv til parkeringsplass i området».
Det står det i sakspapira til formannskapsmøtet som skal vera på tysdag, og det same stod i sakspapira til utval for teknikk og miljø sitt møte førre veke.

Det handlar om parkeringsplass ved inngangen til valen på Herdla. Tysdag skreiv AV at SV-representant Jørgen Garmann og Frp-representant Anton Fromreide er svært usamde i vedtaktet om å løyva 100.000 til reguleringsplan.
Men fylkesmannen har slett ikkje vore så positiv som det står i sakspapira. Det seier Stein Byrkjeland, rådgjevar ved fylkesmannen si miljøvernavdeling.

– Den andre setningen der stemmer ikkje. Me har sagt at me ikkje automatisk er negative. Ofte får ein inntrykk av at fylkesmannen kjem til å seia nei uansett, men det er ikkje slik me jobbar. Me vil ta stilling til reguleringsplanen når me får han, seier Byrkjeland.
Rådgivaren seier òg at representantar frå fylkesmannen slett ikkje var på Herdla berre for å sjå på ein parkeringsplass. Saman med Sponheim og assisterande fylkesmann Rune Fjeld var det Byrkjeland som var på Herdla.

– Me har levert forvaltningsplanen for Herdla til fagleg godkjenning hos Direktorat for naturforvaltning. Sidan Sponheim er fersk i jobben som fylkesmann, tok me ein tur slik at han skulle få sjå området, og me var både på museet og på gjestehuset. I tillegg trefte me eigaren av Herdla gard, og då vart parkeringsplassen eit tema, seier Byrkjeland.

Rådgjevaren seier at han personleg er kritisk til å flytta ein parkeringsplass så nær fuglane, men at han ser problemstillinga med parkeringsplass på Herdla. Han seier òg det same som dei to lokalpolitikarane: ein heilskapleg plan for Herdla hadde vore å føretrekkja. Kommunedelplanen er enno ikkje ferdig, og må ifølgje fagsjek Knut Natlandsmyr sjåast i samanheng med kommunen sin nye arelaplan, som enno ikkje er vedteken.

– Eg reknar med at me får kommunedelplanen når han kjem på høyring. Og me har ein grei kontakt med kommunen, understrekar Byrkjeland.
Fagsjef Ivar Ådlandsvik seier at ingen frå kommunen var med på synfaring saman med fylkesmannen.

– Me synest det er rart at kommunen ikkje var varsla om dette. Men det er altså ordlyden me ikkje er samde om. Eg har fått meddelt frå eigaren av Herdla gard kva som vart sagt, seier Ådlandsvik.

Han seier at saka uansett handla om å få løyvd pengar til planlegging av parkeringsplassen. Sidan det er i offentleg interesse å få laga ein parkeringsplass, meiner fagsjefen at det er naturleg at kommunen betalar for reguleringsplanen.
– Må kommunen òg betala for grunn til parkeringsplassen?
– Det har me ikkje diskutert enno, så det er ikkje noko eg vil ta stilling til no, seier Ådlandsvik.

Lesernes dom:

44%
56%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Tips en venn




En kinesisk nyttårsmeny...

En kinesisk nyttårsmeny...

En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.

    Småkaotisk skoleskyss

    Småkaotisk skoleskyss

    Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.

      – Vi har forsvarlig drift

      – Vi har forsvarlig drift

      Kjersti Eikeland, styrer i Erdal barnehage, er ikke enig i at barnehagen har for dårlig bemanning. Men hun innrømmer at hverdagen har blitt tøffere for de ansatte.

        Rømmer øyen med Skorpen

        Hovding-trener Erlend Skorpen har tatt et dykk i markedet på Askøy i sin søken etter forsterkninger.

          Stjernestatist på kanten av scenen

          Stjernestatist på kanten av scenen

          En TV-skjerm surrer på veggen. På langbordet i gangen er det dandert frukt, sjokolade og en kaffemaskin. Men det er bak de ulike, anonyme dørene at det gjøres klar til magien som skal skje på scenen.

            Sier nei til rundkjøring

            Sier nei til rundkjøring

            Statens vegvesen har ingen planer om å utbedre krysset til Krokåsfeltet på Juvikflaten. De oppfordrer i stedet bilistene om å smøre seg med tålmodighet.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Siste kortnytt

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott