Drøymer om fast Fame-skule:
Vil gjere Askøy til musikaløy
Marianne Juvik Sæbø og Ann-Sofie Jonsson vil gje draghjelp til unge musikaltalent og håpar at Askøy i framtida kan vere stad for ei årleg storoppsetting.
Endret 02.08.10 15:42
Marianne Juvik Sæbø og Ann-Sofie Jonsson arbeider med kvar sine område i kulturskulen. Juvik Sæbø underviser i song, Jonsson i dans. No har dei funne ein felles plattform.
Måndag i neste veke inviterer dei lokal ungdom til eit nytt tilbod: eit musikalkurs. Stuntet er eit prøveprosjekt for å lodde musikalstemninga på øya.
Målet er å etablere eit fast tilbod til unge musikaltalent og skape eit miljø som kan bere ei storoppsetting i året.
Skal i elden på torsdag
– Vi har lyst til å etablere noko heilt nytt, eit reindyrka musikalopplegg, seier Juvik Sæbø.
Musikalkurset startar måndag 9. august og har trass beskjeden marknadsføring lokka til seg 12 ungdomar i alderen 10 til 15 år.
Alle skal få undervisning i både dans og song. Juvik Sæbø kjenner berre nokre av namna på lista si, og er difor svært spent på nivået og kva dei kan få til på fire dagar.
– Undervisning måndag, tysdag, onsdag og torsdag skal munne ut i ei førestilling torsdag kveld, seier Juvik Sæbø.
Publikum vil mellom anna få smakebitar frå dei kjende musikalane «Mamma Mia!» og «High School Musical». Det vert óg nummer som «There´s no business like show business» og «Tomorrow».
Må meistre begge delar
Juvik Sæbø sakna eit liknande tilbod då ho sjølv vaks opp på Askøy.
Saknet vart tydeleg då ho studerte song i London og freista lukka på audition.
– Då eg prøvesong tenkte eg: «Å! Tenk om eg hadde hatt erfaring med dette,» hugsar Juvik Sæbø.
Det er nettopp dette ho ønskjer å gje ungdomen på Askøy; draghjelp til å hevde seg. Det nyttar ikkje berre å ha ei god songstemme. Nøkkelen til suksess i musikalverda er å meistre begge delar: både song og dans.
– Eg veit at det er mange talent på Askøy, seier Juvik Sæbø og legg til:
– Det vert jamleg sett opp musikalar på for eksempel Den Nationale Scene i Bergen. Det hadde vore gøy å gje ein lokal gjeng den nødvendige grunnopplæringa til å kunne hevde seg mellom anna der, seier Juvik Sæbø, som håpar gjengen vert stor nok til også å kunne gje noko attende til Askøy.
Todelt motivasjon
– Vona er at dette kan vere ei spire til å få musikklivet på Askøy til å blomstre enno meir, seier Juvik Sæbø.
Det nye musikalparet Juvik Sæbø og Jonsson ser for seg at ei årleg storoppsetting kan verke samlande.
– Det involverer mange ulike delar av musikkmiljøet: alt frå strykarar, blåsarar, solistar, kor, dansarar og folk som driv med lyd, lys og koreografi, seier Juvik Sæbø.
Motivasjonen bak prosjektet er todelt: På den eine sida ønskjer dei å skape noko som kan vere del av levebrøda deira, men dei har også ei ideell målsetting.
– Vi vil vekke den stolte bygdekjensla. Tenk så kult det hadde vore om folk kom frå «bydn» til Askøy for å sjå musikal, seier Juvik Sæbø.
Får ettergitt rentekravet
Askøy Røkeri AS i Breivik har nå fått slettet rentekravet fra kommunen. Etter lang tid er det endelig kommet en løsning på vannsaken.
Meiner skulen må profesjonaliserast
Skulen må endrast i takt med resten av samfunnet, meiner Jostein Danielsen.
Liv laga i The Dudettes
Det har vært relativt stille omkring askøyduoen The Dudettes. – Det er intensjonen, vi har planer om å komme tilbake med et bang, lover Hilde Vikøyr Brynjulfsen (21) og Marte Hagebø (20).
Suverene sportsdrillere
I juli går sportsdrill-VM av stabelen i Paris. Der håper Askøy å stille med hele tre deltakere i juniorklassen.
Siste kortnytt
- Nær 1.300 uten bredbånd [03.02.12 10:27]
- Hærverk på Erdal skole [27.01.12 10:42]
- Saltebil havnet delvis under vann [21.01.12 10:58]
- Søker etter båteier [13.01.12 07:45]
- Bekymret barnehage [13.01.12 07:44]
- Fremmede på overnatting [13.01.12 07:43]
- Mistenkt for promille på juledag [25.12.11 14:15]
- Russ bør vaksinere seg [23.12.11 12:16]
- Bro må repareres [19.12.11 21:40]
- Kalkun utløste full alarm [19.12.11 21:39]
- Savnet mann funnet på Hanøy [19.12.11 21:38]
- Kjeftet på Skyss [15.12.11 21:19]
- Brann i enebolig i Florvåg [10.12.11 13:14]
- Savner du en båt? [06.12.11 13:03]
- Mistet hjul på Askøybrua [02.12.11 16:19]
- Vinden skapte små problemer [02.12.11 14:11]
- Stongafjelltunellen stengt [25.11.11 14:25]
- Fant antatt farlig mann [24.11.11 10:39]
- Strømstans [22.11.11 14:03]
- Vendt mot Mekka [22.11.11 14:03]
Mest lest
- Her blir det lysregulering [19.01.12 15:34]
- «Skal kjøpe bensin og brenne deg» [16.01.12 15:22]
- Ungdom påkjørt i overgangsfelt [13.01.12 14:36]
- Fra England til Erdal [16.01.12 15:22]
- – Er ikke for gammel for iPad [27.01.12 08:12]
- – Bare ikke kall meg hip hop-Pål [27.01.12 08:07]
- Mange utfordringer for de unge [19.01.12 15:34]
- Småkaotisk skoleskyss [02.02.12 20:48]
- Kan bli bompenger i 2013 [13.01.12 07:37]
- Til rettssak mot tvangsmulkt [24.01.12 08:31]
- – Jeg ble helt sjokkert [06.01.12 11:18]
- – Vi har en plan for opprydding [10.01.12 10:44]
- Billigere vann, dyrere SFO [13.01.12 07:39]
- Sier nei til rundkjøring [31.01.12 08:37]
- Askøys suverene talenter [24.01.12 08:25]
- Tilbyr treningsstudio under åpen himmel [19.01.12 15:34]
- Økonomisaker øker mest [27.01.12 08:15]
- – Vi har forsvarlig drift [02.02.12 20:48]
- Skrev egen musikal [31.01.12 08:28]
- Her er Vestsidens nye leder [27.01.12 08:03]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






