Over 300 15-åringar skal konfirmera seg kyrkja:
Ny konfirmant-rekord
I 1995 vart 307 askøybarn døypte i kyrkjene på øya. 15 år seinare har kommunen 301 kyrkjelege konfirmantar. For Vendela Rikstad (til venstre) og Michelle Soltvedt var valet enkelt: dei ville konfirmera seg i kyrkja.
Endret 15.02.10 16:24
Det er søndag ettermiddag. I Strusshamn kyrkje sit nærare 300 konfirmantar som tente lys. I dag er det Road Service, ei ungdomsgruppe frå Agder bispedøme, som har undervisning. Aldri tidlegare har så mange askøykonfirmantar vore samla.
Trur på folkeveksten
Til hausten er det nemleg 301 14- og 15-åringar som skal konfirmerast i dei fem kyrkjene på øya. Det er kateket Ståle Olsen godt nøgd med.
– Me har ikkje hatt over 300 konfirmantar før. Eg trur ikkje det er berre ei årsak til at det er slik, og folkevekst har nok ein del å seia. Men me ser at ein stor del av dei som er døypte vel å konfirmera seg i kyrkja. Det synest eg er flott, seier Olsen.
Han fortel at det var 307 små askøyværingar som vart døypte i 1995. No er same årskullet konfirmantar.
– Konfirmasjonen er jo ei stadfesting av dåpen, og å konfirmera seg er ein tradisjon som stikk djupt. Men eg trur òg nokre er nyfikne på det med kristentru. Andre vel nok å konfirmera seg fordi tidlegare konfirmantar har skrytt av opplegget, trur Olsen.
Fokus på klima
Noko av konfirmantopplæringa er felles for alle askøykonfirmantane, andre deler skjer i dei ulike kyrkjene. Tema dei skal innom er å verta kjende med Bibelen, læra om gustenesta og kyrkja og snakka om kven Jesus var. Og kva er dette med treeinig Gud?
– Det er kanskje ikkje så lett å forstå, smiler Olsen.
Men konfirmantane lærer òg om meir kvardagslege tema. Årets fasteaksjon, som konfirmantane skal vera med på, går til Kirkens nødhjelp sitt arbeid etter naturkatastrofar.
– Naturkatastrofar heng saman med klimaendringar, og det er me i dei vestlege landa som har høge utslepp. Difor meiner me at me må gi noko attende, mellom anna flaumsikre hus, seier Olsen.
– Dessutan meiner me at menneske har fått eit forvaltaransvar frå Gud. Klimaendringane er eit viktig tema, slær han fast.
– Stas i kyrkja
Ein del av konfirmantundervisninga er å reisa på leir. Det gler Vendela Rikstad seg til. Til sommaren skal ho og mange andre askøykonfirmantar på leir på Kongshaug utanfor Os.
– Då trur eg eg vert kjend med nye folk, seier ho.
Vendela ønskjer å finna ut meir om kva kristendom eigentleg dreiar seg om. Det vil Michelle Soltvedt òg.
– Eg håpar eg får vita meir om Jesus, seier ho.
Dei to jentene, som skal vera konfirmantar i Herdla kyrkje i september, seier at dei fleste ungdommane dei kjenner vel kyrkjeleg konfirmasjon.
– Eg gler meg mest til sjølve konfirmasjonsdagen. Eg trur det vert stas å vera i kyrkja, seier Michelle.
– Kor mykje betyr gåver og selskap?
– Det betyr mykje det òg, det er sjølvsagt stas med bunad, selskap og god mat, og med pengar og smykke, seier ho.
En kinesisk nyttårsmeny...
En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.
Småkaotisk skoleskyss
Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.
– Vi har forsvarlig drift
Kjersti Eikeland, styrer i Erdal barnehage, er ikke enig i at barnehagen har for dårlig bemanning. Men hun innrømmer at hverdagen har blitt tøffere for de ansatte.
Rømmer øyen med Skorpen
Hovding-trener Erlend Skorpen har tatt et dykk i markedet på Askøy i sin søken etter forsterkninger.
Siste kortnytt
- Nær 1.300 uten bredbånd [03.02.12 10:27]
- Hærverk på Erdal skole [27.01.12 10:42]
- Saltebil havnet delvis under vann [21.01.12 10:58]
- Søker etter båteier [13.01.12 07:45]
- Bekymret barnehage [13.01.12 07:44]
- Fremmede på overnatting [13.01.12 07:43]
- Mistenkt for promille på juledag [25.12.11 14:15]
- Russ bør vaksinere seg [23.12.11 12:16]
- Bro må repareres [19.12.11 21:40]
- Kalkun utløste full alarm [19.12.11 21:39]
- Savnet mann funnet på Hanøy [19.12.11 21:38]
- Kjeftet på Skyss [15.12.11 21:19]
- Brann i enebolig i Florvåg [10.12.11 13:14]
- Savner du en båt? [06.12.11 13:03]
- Mistet hjul på Askøybrua [02.12.11 16:19]
- Vinden skapte små problemer [02.12.11 14:11]
- Stongafjelltunellen stengt [25.11.11 14:25]
- Fant antatt farlig mann [24.11.11 10:39]
- Strømstans [22.11.11 14:03]
- Vendt mot Mekka [22.11.11 14:03]
Mest lest
- – Jeg ble helt sjokkert [06.01.12 11:18]
- Her blir det lysregulering [19.01.12 15:34]
- «Skal kjøpe bensin og brenne deg» [16.01.12 15:22]
- Ungdom påkjørt i overgangsfelt [13.01.12 14:36]
- Fra England til Erdal [16.01.12 15:22]
- – Vi har en plan for opprydding [10.01.12 10:44]
- – Er ikke for gammel for iPad [27.01.12 08:12]
- – Bare ikke kall meg hip hop-Pål [27.01.12 08:07]
- Mange utfordringer for de unge [19.01.12 15:34]
- Kan bli bompenger i 2013 [13.01.12 07:37]
- Til rettssak mot tvangsmulkt [24.01.12 08:31]
- Billigere vann, dyrere SFO [13.01.12 07:39]
- Drømmen om Broadway [10.01.12 10:44]
- Småkaotisk skoleskyss [02.02.12 20:48]
- Sier nei til rundkjøring [31.01.12 08:37]
- Askøys suverene talenter [24.01.12 08:25]
- Tilbyr treningsstudio under åpen himmel [19.01.12 15:34]
- Vil politianmelde miljøsvin [06.01.12 11:17]
- Fotballen får pengene [06.01.12 11:16]
- Økonomisaker øker mest [27.01.12 08:15]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






