Askøyværingen / Kultur / Møtestad for unge og gamle

Logg inn:

Navn:
Passord:

Har du et tips?

Alle tips til AV behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

 

Tips kulturredaksjonen
*
Ditt navn
*
E-post
*
Telefon
Møtestad for unge og gamle

Skajaa: – Vi må tenkje nytt for å formidle bodskapen

Møtestad for unge og gamle

Med storfamiliedagen på Erdal håpar kyrkjelyden på vekst. Grautjentene Victoria Østebø, Julia Østebø og Serine Lovise Fjellheim stortrivst på familiedag.

Publisert 22.12.09 08:29
Endret 22.12.09 08:27

Det er ljos i kyrkja på Erdal. Eit par småtroll kryssar vegen og dansar inn gjennom den høge døra til kyrkjelydshuset.

Omlag ein gong i månaden skipar kyrkja til storfamiliedag med preike, song og mat. I dag er det juleavslutning med ekstra kos – og aller siste øving før den store dagen.

– Vi skal syngje tre songar på julaftan, fortel ein av eldsjelene bak storfamiliedagen, Mårten Skajaa.

Det er glissent i mannerekkjene. På øvinga i dag er Mårten ein av berre to tenorar. Bassane tel fire, heller ikkje det er sprekt.

Mannefallet er gjenstand for mykje spit og rå latter på storfamiliedagen, men songprestasjonane er ikkje det viktigaste, forsikrar Mårten.

– Vi slit med å lokke barnefamiliane til kyrkja. Med storfamiliedagen freistar vi å gje eit breiare tilbod. Vi må tenke nytt for å formidle bodskapen i dag, seier Mårten.

Heimelaga engleskare
Maten er servert. Skåler med graut, sukker og rosiner tek runden rundt bordet.

Praten sit laust – låtten er høg og ruvande.

På eitt av borda sit fire jenter på rad: Katrine Ingvaldsen (8), Victoria Østebø (9), Julia Østebø (6) og Serine Lovise Fjellheim (9). Grauten går ned på høgkant. Dei forsyner seg ein, to og nokon tre gonger.

Mandelen manglar, men så er det heller ikkje julaftan. Og godt er det. For jentene og dei andre på storfamiliedagen må øve meir på songane sine før jula kan kome.

Etter måltidet forsvinn herrane opp i kyrkjerommet for å terpe på stemmene sine. I kyrkjelydsrommet nede er det juleverkstad. Jentene tryllar fram englar med vengjer og gullhår.

Tobarnsmor Line Feness Armond set stor pris på tilbodet.

– Eg trur generelt det er høg terskel for å gå i kyrkja, men eg har dirigert barnekoret i mange år, så for oss var det enkelt, seier Line.

Trivst ilag med dei unge
Ung og gamal om kvarandre. Storfamiliedagen trekk alt frå 2-åringar til eldre beste- og oldemødre.

Sigrunn Hansen og Halldis Riisøen har glede av samlinga.

– Det tyder utruleg mykje for meg å møtast på denne måten. Eg trivst ilag med dei unge. Det har stor verdi at vi kan vere veninner på tvers av generasjonane, det trur eg dei unge meiner òg, seier Sigrunn.

Sigrunn og Halldis tek plass i koret. Det er kvinnene og borna sin tur no. Herrane har sneke seg ned trappa og inn i kyrkjelydsrommet for å trene meir der.

Aud Jorunn Bergsvik dirigerer forsamlinga med hard hand. Borna først, deretter altane, så sopranane og alle ilag.

Aud Jorunn er nøgd. Ho lyftar tommelen og leiar koret gjennom strofene:

«Himmel på jord, en nåde så stor, jeg er ikkje alene på jord,» syng dei.

– Flott, seier Aud Jorunn og legg til:

– Dette skal vi klare. Ja, om vi berre har nok menn.

Borna får frikvarter i gongen, medan altane og sopranane trenar vidare. I kjellaren syng herrane som besett.

Snart er det jul.

Lesernes dom:

47%
53%
Trykk på tommelen for å si hva du synes om hvordan vi har skrevet saken.
Del artikkelen

Kommenter

Tips en venn




Du må være registrert og innlogget for å kunne skrive kommentarer
En kinesisk nyttårsmeny...

En kinesisk nyttårsmeny...

En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.

    Småkaotisk skoleskyss

    Småkaotisk skoleskyss

    Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.

      – Vi har forsvarlig drift

      – Vi har forsvarlig drift

      Kjersti Eikeland, styrer i Erdal barnehage, er ikke enig i at barnehagen har for dårlig bemanning. Men hun innrømmer at hverdagen har blitt tøffere for de ansatte.

        Rømmer øyen med Skorpen

        Hovding-trener Erlend Skorpen har tatt et dykk i markedet på Askøy i sin søken etter forsterkninger.

          Stjernestatist på kanten av scenen

          Stjernestatist på kanten av scenen

          En TV-skjerm surrer på veggen. På langbordet i gangen er det dandert frukt, sjokolade og en kaffemaskin. Men det er bak de ulike, anonyme dørene at det gjøres klar til magien som skal skje på scenen.

            Sier nei til rundkjøring

            Sier nei til rundkjøring

            Statens vegvesen har ingen planer om å utbedre krysset til Krokåsfeltet på Juvikflaten. De oppfordrer i stedet bilistene om å smøre seg med tålmodighet.

              Siste kortnytt

              Mest tipset

              Siste kortnytt

              Askøyværingen, AV-bygget,
              Postboks 4, 5321 Kleppestø

              Ansvarlig redaktør: Stig Erik Elliott