Både Strusshamn og Askøy skolebrass blåste konkurrentene av pallen
Dobbel NM-seier til Askøy
Det var stor jubel i Holmedalen søndag ettermiddag. Då kom nokre av dei ferske noregsmeistrane heim.
Endret 22.06.10 09:52
– Gi meg ein A!
– Gi meg ein S!
– ... Kven er best?
– ASKØY!
Seiersropet runga nesten før musikantane kom ut av bilane i Holmedalen søndag ettermiddag. Askøy skolebrass gjekk heilt til topps i 3. divisjon under NM for skulekorps brass i Stavanger i helga.
Trudde på topplassering
– Ei veldig bra kjensle, smiler Maria Torgersen.
Ho seier at musikantane var veldig spente før premieutdelinga, men meinte sjølv at dei hadde gjort sitt beste.
– Då det tok så lang tid før me vart ropt opp, trudde me dommarane hadde gløymt oss, gliser Sindre Høgtun Gjelsvik.
Korpset er sett saman av musikantar frå skulekorpsa i Kleppestø, Florvåg og Kleppe. Ein del av musikantane var med på å vinna NM i 2007.
– Fantastisk kjekt å vinna, seier dirigent Einar Gjelsvik.
Han innrømmer at han hadde tru på at korpset kunne nå i alle fall nesten heilt til topps, men det turde han ikkje seia til andre enn korpsleiaren.
– Me har hatt ein flott progrsjon dei siste vekene, seier dirigenten.
Musikantane var slitne og litt håse då dei kom heim til Askøy. Håsast av alle var Isabell Zwaka. Ho leia heiaropa.
– Det er første gong eg er med på å vinna, ei fantastisk kjensle, seier ho.
Håpa på topp fem
Men Askøy skolebrass var ikkje det einaste lokale korpset som vann. Strusshamn Skoles Musikklag deltok i NM for janitsjarskulekorps i Larvik, og fekk heile 96 poeng då dei vann 2. divisjon. Det var to poeng meir enn korpset som vart nummer to.
– Ganske stort. Me hadde ikkje trudd me skulle koma så høgt, men håpa på topp fem, seier Sondre Emil Wikum.
Korpset reiste nesten rett frå NM-festen mot Tyskland. Då AV snakka med Sondre Emil søndag føremiddag var dei på båten til Danmark.
Korpset spelte mellom anna stykket Balkan Moods. Der var Sondre Emil solist.
– Det gjekk fint, men det er eit ganske krevjande stykke. Eg spelar eigentleg altsaxofon, men spelar andre typar saxofon etter behov. I dette stykket vart det sopransax, fortel han.
Korpsleiar Ove Sognnes er ein stolt og glad mann.
– Dette var kjempegøy, eit høgdepunkt i 60-årsfeiringa. Musikantane har allereie bestemt at dei skal ha konsert ombord på båten på veg heim, smiler Sognnes.
Han fortel om eit korps som har hatt ei god utvikling dei siste vekene, og om musikantar som ville øva så mykje som mogleg.
– Me vaksne har fått spørsmål om me ikkje kunne ha både ekstraøvingar og gruppeøvingar. I konkurransen spelte dei utruleg flott, det var godt samspel og god intonasjon, skryt Sognnes.
Nytt stykke i 1. divisjon
Felleskorpset Askøy deltok i 1. divisjon. Der enda dei nest sist, men deppar ikkje.
– Eg synest korpset hadde ei optimal gjennomføring. Det hadde vore surt dersom me reiste ned og bomma, men framføringa i konkurransen var den beste me har hatt, seier korpsleiar Hildegunn Rimmereide.
Korpset spelte Reid Gilje sitt nyskrivne stykke «Fansa da matasa» i konkurransen.
– Me fekk gode tilbakemeldingar frå publikem, og mange hadde tippa oss høgare på resultatlista. Men me har hatt ein kanontur, det er det viktigaste, seier Rimmereide.
En kinesisk nyttårsmeny...
En skikkelig kinesisk nyttårsmeny skal, tradisjonen tro, bestå av flere enn åtte retter, og kan være et nidkjært arbeid som tar flere dager å stelle i stand. Her presenterer vi to av de enklere rettene.
Småkaotisk skoleskyss
Like før jul kom det strakstiltak mot buss-problemene på Ravnanger ungdomsskole. Men elevene er fortsatt ikke fornøyd.
– Vi har forsvarlig drift
Kjersti Eikeland, styrer i Erdal barnehage, er ikke enig i at barnehagen har for dårlig bemanning. Men hun innrømmer at hverdagen har blitt tøffere for de ansatte.
Rømmer øyen med Skorpen
Hovding-trener Erlend Skorpen har tatt et dykk i markedet på Askøy i sin søken etter forsterkninger.
Siste kortnytt
- Nær 1.300 uten bredbånd [03.02.12 10:27]
- Hærverk på Erdal skole [27.01.12 10:42]
- Saltebil havnet delvis under vann [21.01.12 10:58]
- Søker etter båteier [13.01.12 07:45]
- Bekymret barnehage [13.01.12 07:44]
- Fremmede på overnatting [13.01.12 07:43]
- Mistenkt for promille på juledag [25.12.11 14:15]
- Russ bør vaksinere seg [23.12.11 12:16]
- Bro må repareres [19.12.11 21:40]
- Kalkun utløste full alarm [19.12.11 21:39]
- Savnet mann funnet på Hanøy [19.12.11 21:38]
- Kjeftet på Skyss [15.12.11 21:19]
- Brann i enebolig i Florvåg [10.12.11 13:14]
- Savner du en båt? [06.12.11 13:03]
- Mistet hjul på Askøybrua [02.12.11 16:19]
- Vinden skapte små problemer [02.12.11 14:11]
- Stongafjelltunellen stengt [25.11.11 14:25]
- Fant antatt farlig mann [24.11.11 10:39]
- Strømstans [22.11.11 14:03]
- Vendt mot Mekka [22.11.11 14:03]
Mest lest
- – Jeg ble helt sjokkert [06.01.12 11:18]
- Her blir det lysregulering [19.01.12 15:34]
- «Skal kjøpe bensin og brenne deg» [16.01.12 15:22]
- Ungdom påkjørt i overgangsfelt [13.01.12 14:36]
- Fra England til Erdal [16.01.12 15:22]
- – Vi har en plan for opprydding [10.01.12 10:44]
- – Er ikke for gammel for iPad [27.01.12 08:12]
- – Bare ikke kall meg hip hop-Pål [27.01.12 08:07]
- Mange utfordringer for de unge [19.01.12 15:34]
- Kan bli bompenger i 2013 [13.01.12 07:37]
- Til rettssak mot tvangsmulkt [24.01.12 08:31]
- Billigere vann, dyrere SFO [13.01.12 07:39]
- Drømmen om Broadway [10.01.12 10:44]
- Småkaotisk skoleskyss [02.02.12 20:48]
- Sier nei til rundkjøring [31.01.12 08:37]
- Askøys suverene talenter [24.01.12 08:25]
- Tilbyr treningsstudio under åpen himmel [19.01.12 15:34]
- Vil politianmelde miljøsvin [06.01.12 11:17]
- Fotballen får pengene [06.01.12 11:16]
- Økonomisaker øker mest [27.01.12 08:15]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






