Kommunen – offentleg hushai?
Dei fleste er vel samde i at det er noko riv ruskande gale når folk som får leige kommunale bustader må gå på sosialen for å klare husleiga. Kommunen legg skulda på Husbanken, og det har dei nok mykje rett i – men kommunen må nok sjå litt på eiga praksis òg.
Endret 08.06.10 10:26
Husbanken sine ordningar tek utgangspunkt i at det er billegare å leiga på Askøy enn i Bergen. Når det ikkje er tilfelle lenger, kjem askøyværingane skeivt ut. Folk som kan nyte godt av den statlege husbanken sine ordningar i Bergen, får på Askøy beskjed om at dei tener for mykje til å få hjelp. Slikt er urimeleg og må ordnast opp i. Det er overraskande at Husbanken legg opp til ei differensiert ordning basert på husleigeprisane, utan å halde seg oppdatert på utviklinga i dei same prisane. Vi forventar at Husbanken høyrer på Askøy kommune når dei no tek kontakt, og at dette vert endra snøggast råd.
Samstundes bør kommunen sjå litt på korleis dei sjølv driv bustadutleige. Sidan sosialtenesta er kommunal, og pengane kjem frå kommunen, ville det for kommunen sitt totalbudsjett bli hipp som happ om dei menneska det gjeld fekk lågare husleige eller sosialhjelp. Slik det er no, sender ein privatpersonar frå kommunen som huseigar for å be om pengar frå kommunen som sosialhjelpar. Ein overfører pengar frå sosialbudsjettet til eigedomsavdelinga – og tvinger folk som er i ein allereie vanskeleg situasjon ut i ein lite hyggeleg runddans med sosialtenesta.
Samstundes bør ein stille spørsmål ved kommunen sin husleigefastsetjing. Er det rett av kommunen å liggje så høgt med husleiga som ein gjer? Kva er formålet med ei kommunal utleigeteneste? Burde ikkje kommunen la dei private stå for pressinga av utleigeprisane, mens kommunen prøvde å halde ein meir sosial profil? Det er sjeldan folk med god økonomi og velordna liv som treng kommunale bustader. Då hadde det ikkje gjort noko om kommunen la opp til at utleige vart eit litt mindre problem i kvardagen.
Diverre har ikkje den kommunale eigedomsforvaltning vore heilt patent på alle områder. Vedlikehaldsetterslepet er stort, og kommunen har ikkje klart å skaffe seg alle dei husværa ein ynskjer. I fjor haust tok ein tak for å betre kontrollen med boligforetaket. Vi forventar at ein og tek grep for å betre heile utleigesituasjonen. Kommunen skal ikkje vere ein bustadhai.
Ingen ny «Ta sjansen»
Fjorårets publikumssuksess under Strusshamnfestivalen til tross, det blir ingen gjentakelse i år.
Først ute med internasjonalt båtbevis
Fra i år av kan du ikke lenger dra på ferie til utlandet i fritidsbåt med et vanlig båtførerbevis. En båtskole fra Askøy tilbyr nå et godkjent internasjonalt båtførerbevis, som en av de første i Norge.
Nå er lavvoen på plass igjen
En drøy måned etter at lavvoen til Fridahuset barnehage på Erdal ble vandalisert og ødelagt, har de omsider fått på plass en ny.
Vikøyr skuffet etter 8. plass
Vidar Daae Vikøyr (25) hadde et mål om å forbedre fjorårets 7. plass i Norges sterkeste mann. Skuffet måtte han innse at så ikke skjedde.
Siste kortnytt
- MC-ulykke i Bakarvågen [15.05.12 09:52]
- Overvann og null poeng [15.05.12 09:52]
- På tide å søke om leie [10.05.12 15:32]
- Vedtok plan for Myrane [10.05.12 15:32]
- 10.000 til Hanøy skole [10.05.12 15:32]
- Skal vedta kreftplan [08.05.12 11:56]
- Vil ha reguleringsplan [08.05.12 11:56]
- Omkamp om adresse [08.05.12 11:56]
- Demokratene har ikke anmeldt [26.04.12 16:12]
- Pepe Auer til Strusshamn kirke [26.04.12 16:12]
- Årets første lokaloppgjør [26.04.12 16:12]
- Nei til pils og pizza [20.04.12 10:29]
- Låner til minnesmerke [20.04.12 10:29]
- Støtter Skogen-skole [20.04.12 10:29]
- Stjeler påhengsmotorer [12.04.12 21:12]
- Øvelse på Herdlaflaket [12.04.12 10:23]
- Ønsker kandidater [02.04.12 14:18]
- – Godt samarbeid [02.04.12 14:18]
- Promille på Juvik [01.04.12 10:20]
- Vil kjøpe fortet [29.03.12 15:18]
Mest lest
- 29-åring fengslet for ran [28.04.12 13:29]
- To arrestert for vold og hærverk [27.04.12 15:18]
- Tre vinnere fra Askøy på bare en uke [26.04.12 16:12]
- Mann tatt for grovt biltyveri [24.04.12 10:47]
- Vil bu i Kollevågvegen [16.04.12 16:12]
- Ønsker seg ny storskole [16.04.12 16:12]
- Slo gamle kjente [24.04.12 08:09]
- La ned krans i Strusshamn [08.05.12 14:31]
- Statsministeren kommer [20.04.12 10:29]
- Stor mangel på fastleger [04.05.12 08:04]
- Gikk løs på leger og inventar [10.05.12 15:32]
- Ti år med omsorgsboliger [04.05.12 08:02]
- Vil ha storskole i Skogstunet [08.05.12 11:56]
- En av Norges beste lokalaviser [22.04.12 00:21]
- Fornyet tillit for Kirketid [16.04.12 16:12]
- BOF: – De har seg selv å takke [26.04.12 16:12]
- Klar for Telenor Arena [26.04.12 16:12]
- Åpnet ny gang- og sykkelvei i nord [24.04.12 08:12]
- Nytt NM-gull til Kvammen [04.05.12 08:00]
- Vil ha puls i Strusshamn [08.05.12 11:56]
Mest tipset
- Jente (7) påkjørt [09.05.07 10:11]
- Håndball-jentene til Forum [17.06.05 14:35]
- Tonje scoret 14 [01.12.09 08:10]
- Vei til Askøy Forum [27.08.07 22:43]
- Drømmedebut for Jeanette [17.01.06 10:21]
- Norge-Spania i Askøy Forum [19.02.04 23:28]
- Gleder seg over Askøy Forum [20.04.04 10:20]
- Norges først kanonball-klubb på Askøy [26.11.04 10:15]
- Reagerer på streng permisjonspraksis [23.02.07 08:49]
- Lokalnatur per post [23.03.07 06:00]






